Her oppsummerer vår Hovedtrener – Mikal Iden sesongen 2015/16 – Kloke ord fra en dyktig og reflektert mann. Vi er stolt av å ha deg med i HTK Mikal.

 

Hei alle HTK medlemmer og alle andre

I kveld er det årsmøte. Det er eitt år sidan eg blei presentert som hovedtrenar for Haugesund Triathlon Klubb. Eg skal ikkje gå inn på historia bak meg sjølv og historia bak stega fram til å ansettje ein hovedtrenar. Men eg vart Norges første hovedtrener i en triathlonklubb. Det var eit stor steg for norsk triatlon etter mi meining. Veldig spennande, veldig nytt og veldig KULT! Det var nok ikkje så mange som viste kva vi gjekk til, men eg er takknemleg for at HTK turte å satse.

Eg er medlem og har i år triathlonlisen for HTK og er på den måten eit vanleg medlem i tillegg til jobben min. Eg sit òg i sportsleg utvalg, men eg får betalt for å sitte der som ein del av mi rolle som hovedtrenar. Eg er å se på som ein konsulent for å hjelpe og tilretteleggje for det sportslege i klubben, betalt for å ytre mine meningar om korleis eg meiner ting burde gjerast.

Eg er enig i det Stein Ørn, stefar til Alexander Kristoff, lege og trener, har sagt om korleis grasrotidretten skal driftas, nemleg gjennom frivilleg arbeid og ildsjeler. Mange resultat, som idrettsglede for topp og bredde kan og bør/skal skapast gjennom dei frivillige. Men så har ein situasjonar som av ein eller annan grunn gjer det vanskeleg å skapa dei beste resultata kun gjennom frivillig arbeid. Ein slik situasjon føler eg me har her i HTK. Me har ein stor andel vaksne medlemmer som har ulike mål med treninga. Nokon vil trene for å halde seg i form, nokon for å klare å å gjennomføra Iron Man 70,3 eller Haugesund Triathlon og nokon vil ha ambisjonar om å vinna. Ein hovedtrenar vil sørge for kvalitet på treningane klubben tilbyr. Me har Norges beste barne og ungdomsavdeling, det skal me vere stolte av. Alle desse unge skal gå ein veg med idretten sin, me vil at alle skal lera ein idrettsglede dei skal ta med seg livet ut. Og nokon av dei vil så teste ut kor langt dei kan nå, kor gode dei kan bli. For å få til det er ein hovedtrenar viktig.

Det er mange hensyn som må takast, ein skal bruke pengane til klubben på ein fornufteg måte som byggjer opp under klubbens visjon og målsetjingar. Visjonen er at Haugesund Triathlon Klubb skal vere ein foregangsklubb og vere den klubb ein først tenkjer på når triathlon blir nevnt i Norge. Dette er me allereie på god vei mot å skrive i stein. Gjennom den avtalen HTK har gjort med Norges Triatlonforbund og Haugesund Toppidrettsgymnas vil unge triatletar frå heile Norge søke seg til nettopp Haugesund Triathlon Klubb når dei skal vidareutvikla seg.Det har skjedd i 2016.

Svømmeklubber har i stor grad ein hovedtrenar, kanskje ikkje alle er løna men rollen er der og det er ein selvfølgelighet. Ser ingen grunn for at HTK som triathlonklubb skal ha et mindre/annerledes behov. Eg er 100% overbevist om at det arbeidet eg har lagt ned siden august har vært vellykka. Da tenker eg først og framst på arbeidet rundt ungdomsgruppa, det er her eg har tilbrakt mye av mi tid, og det er her eg mener det er mest riktig å bruke tid. Tilstedeværelse har vore, og er, det viktigste stikkordet. Eg arbeider med kvalitet på den helhetlige planen, kvalitet på enkeltøkter, gruppekultur, frafall, rekruttering og mykje meir på ei og same tid. På nokre av punkta er vi rykka opp i verdensklasse! På nokre har vi meir å jobbe med og på andre har vi ikkje starta ennå. Dette er eit langsiktig og sammensatt arbeid. Men hjula triller meir og meir i rett retning, og det meste ligger til rette for at det skal forsett slik. Visjonene og målene til klubben er igjen de som styrer hvilke retning hjula skal ta og om de i det heile tatt skal snurre.

Voksne lever litt mindre A4 liv en barn/ungdom. Dette kan gjere oppmøte på faste fellestreninger meir krevande. Nokre jobbar tidleg, jobbar seint, jobbar turnus og nattevakt, så at en ikke rekker alt alltid forstår alle. Det er 7 kveldar i ei uke, 5 av dei er det aktuelt å ha fellestreninger på. Bassengtidene er spikra , så vi har lagt dei andre øktene rundt dei. Eg satte opp ein treningsplan for alle medlemmer fra høstferien og fram mot Iron Man og det skal vere mogleg å følge den på fellesøktene. Dei som har vært på øktene mine har benytta mi tid og brukt det tilbudet klubben gir dei. Som ansatt for det sportslege sin del er dette økter eg står ekstra inne for, økter som eg kan si er gode økter. Om folk velger å ikkje være der er heilt opp til dei, men når klubben har et godt tilbud vil det vere klokt å benytta det. Me økte spinningøktene tirsdagar frå ein til to fordi frammøtet var så bra, det seier vel sitt til dei som ikkje har prøvd fellestreningane ennå.Kom og bli med!

Nokre gonger gir folk kun tilbakemeldingar viss ting er dårlig, feil, osv. Somme gonger er det motsatt, bra, flott osv. Eg veit ikkje kva som er greia her, om folk tør å vere ærlege, men eg har utelukkande fått gode tilbakemeldingar frå dei som har vore på voksentreningane eg har hatt. Gje meg ein tilbakemelding om du ikkje er enig! Eg er heile tida på jakt etter å utvikle og forbedre det eg gjer.
Eg er ikkje redd for å sei at ting har vært feil eller burde blitt gjort annerledes. Eg er kritisk som få andre til det eg gjer og er glad for å lera noko nytt av erfaringar eg gjer meg.

Idrett er viktig, og i akkurat dette eksempelet toppidrett. Toppidrett er viktig uansett korleis ein vrir og vendar på det. Det ligger mykje filosofi og mange meiningar bak om toppidrett skapar framdrift i verda og det kan diskuteras i timevis, men når eg skal seie kve eg meiner, da seier eg; Toppidrett er viktig! VM i Holmenkollen er stjerneeksempelet på akkurat det. Om hjartet ditt pumpa litt ekstra då du satt, og i perioder sto, foran tv-skjermen når Ole Einar, Tarjei og Tiril både traff inni og utanfor det svarte i blinken. Då er du som meg, ein som tror på og har opplevd, idretten sin magi. Diskusjonen mellom topp og bredde er aktuell i fleire idrettslag. Så òg i vår klubb. Diskusjon er bra! Diskusjon betyr at noen bry seg, og mye bra kan komme ut av at noen bryr seg. Det kan og krysse grensen for kva som er fornuft og bra. Dette temaet som mye annet henger mye sammen med hva klubben har som visjon og mål. Mitt syn er at topp og bredde ikkje er motsetningar som treng gå utover kvarandre. Behova kan variera, men fasit er at disse to “retningane” driv kvarandre og hjelp mot kvar sine mål. Idrett er kjekt, idrett er lidenskap, idrett er framdrift!

Mitt yrke er trenar, eg har ikkje i oppgave å gjere alt ”rundt”. Det er det styret, utval og mange andre frivillige som tar seg av. Dei har viktige oppgåver alle saman og gjer ein strålende jobb. Eg set pris på det gode samarbeidet.
Lykke til med årsmøtet! Eg er på Mallorca på leir med triatlonlandslaget og er dessverre forhindra i å delta i kveld. Håper så mange som mulig møter og står opp for felleskapet, seg sjøl og sitt!
Sportslig hilsen
Mikal Iden
Hovedtrener Haugesund Triathlon
trener@haugesundtri.no

Share